|
I samband med regattaavvikling har Ran i fleire år vore avhengige av at medlemmer har stilt med eigen båt. På årsmøtet 16. februar 2011 vart det gjort vedtak om at klubben kan gå til innkjøp av eigen arrangørbåt.
Det vil då vera tale om ein båt som skal vera brukande til både utleggjing av merker og som startbåt. Båten bør vera bygd av anten stål/aluminium eller plast. Båten bør vera omlag 25-28 fot, ha overbygg og ha ein kraftig/slitesterk motor som kan gje ein fart av minst 12-14 knop over lengre distanser, uavhengig av vêr og vind i Hjeltefjorden. Vidare bør det vera stort ope akterdekk.
Gjennom vinteren 2010/2011 har det vore annonsert fleire aktuelle båtar i priskategori 175 000 til 300 000 kr. Fleire av medlemmane har gitt uttrykk for at dei kan tenkja seg å gå inn med innskot i ein slik båt, til dømes 10 000 kr.
Regattakomiteen ser for seg fylgjande finansieringsmodell for innkjøp av ein slik båt:
Ran Seilforening inntil 100 000 kr Investeringsstønad NSF 100 000 kr Innskot medlemmar 100 000 kr Sum inntil 300 000 kr
Etterkvart som Ran sin økonomi tillet det kan dei ulike innskytarar kjøpast fri etter same modell som det er gjort med innkjøpet av kranen (dvs. loddtrekning av kva innskytarar som skal frikjøpast).
Ein føresetnad for eit slik kjøp er at ein av medlemmane tek på seg eit hovudansvar for drift og vedlikehald av båten. Innskytarar vil ha prioritet for å kunne bruke båten utanom klubben sine arrangement.
Dersom du kan tenkja deg å vera innskytar eller har andre glupe tankar kring ein slik startbåt, nøl ikkje med å ta kontakt med Leif Jørgen Ulvatne på 95 11 95 25.
|